Idrottslaget i BUL søkjer nye trenarar til si gruppe for utviklingshemma – BVT- gruppa. Både handball- og fotballgruppa treng nye trenarar på grunn av flytting. Gruppene har trening 1 x i veka og deltek i tillegg i lokale seriar og turneringar på landsbasis. Dei deltek og på både Bislett – og Holmenkollen Special Olympics! Kan du vere interessert i eit slikt engasjement?